Historielag

Det er i dag ca. 600 lokale historielag i Noreg. I alt organiserer dei over
100 000 medlemmer. Talet på lag har auka eksplosivt dei siste tiåra. Nytt er at rørsla har blomstra særleg sterkt i byane, medan det tidlegare var eit nokså typisk bygde- og distriktsfenomen. I dag er det til dømes over 20 lokale historielag (bydelslag) berre i Oslo.

Historielaga driv eit mangfald av aktivitetar innan lokalhistorie og kulturvern: årbøker, bygnings-, fartøys- og anna kulturminnevern, museumsarbeid, slektsgransking, kjelderegistrering, innsamling av tradisjonsmateriale, lokalhistoriske vandringar og andre arrangement for lokalbefolkninga – for berre å nemne noko av det vanlegaste.

Landslaget for lokalhistorie

Vel 400 av dei lokale historielaga er medlemmer i Landslaget for lokalhistorie (ekstern lenke). Til saman omfattar desse 80 000 enkeltpersonar. LLH vart stifta i 1920, og heitte fram til 1982 Landslaget for by- og bygdehistorie. Nesten frå starten av og framleis i dag gjev LLH ut tidsskriftet Heimen (ekstern lenke), som er eit lokalhistorisk fagtidsskrift, i samarbeid med Universitetsforlaget (ekstern lenke). Frå 2017 har tidsskriftet fri tilgang (open access). Eldre årganger av Heimen er digitaliserte av Nasjonalbiblioteket, se her. LLHs medlemsblad er Lokalhistorisk magasin (ekstern lenke). LLH er medlem i paraplyorganisasjonen Norges kulturvernforbund (ekstern lenke).