Olve Utne

Olve Utne er cand.philol. (1996) med musikkvitskap hovudfag frå Universitetet i Oslo og arbeider som seniorrådgjevar ved NLI. Fagområde i tillegg til musikk inkluderer leksikografi (ordbokslære) frå Universitetet i Oslo og lingvistikk (språkvitskap), fonetikk (språklydlære) og nordisk språk frå NTNU i Trondheim. Var gjestestudent ved lina for historiske instrument ved Koninklijk Conservatorium Brussel skuleåret 1997–1998 som flamsk statsstipendiat. Medlem av Nordisk nettverk for edisjonsfilologar. Deltok i klassen for pitesamisk feltarbeid ved vinterskulen i Saami Language Documentation and Revitalisation i Bodø i mars 2010. Har arbeidd ved NLI sidan 2007; dei første åra som forskar, sidan 2018 som seniorrådgjevar.

Arbeidsområde

  • Kystkultur med særleg vekt på tradisjonsbåtar nordafjells;
  • tradisjonelle arbeidsmåtar i naturbruk og handverk;
  • samisk historie og kultur, inkludert utvikling av den pitesamiske ordboksappen BidumBágo;
  • nasjonale minoritetar (jødar, skogfinnar, kvener, romanifolk og roma).

Geografisk hovudfokus

  • Det nordafjelske Norge frå Nordmøre og Trøndelag til Salten; og
  • samiske område og tidlegare norske område i Sverige.

Publikasjonar

Bøker
  • 1994 – Olve Utne og Anne Kleivset: Songen hennar Magnhild : Magnhild Havdal Almhjell (1894–1985). Tuddal (Buen Kulturverkstad), 1994. (Bok, 112 s. + lydkassett) BIBSYS
  • 1996 – Olve Utne: Nokre aspekt ved tonalitet og transkripsjonsmåte i eit folkemusikalsk materiale frå Nordmøre. Oslo (Institutt for musikk og teater, Univ. i Oslo), 1996. (98 s.) BIBSYS
    • 2006 Nokre aspekt ved tonalitet og transkripsjonsmåte i eit folkemusikalsk materiale frå Nordmøre. 2. utgåva. West Hempstead (Hassafon), 2006. (128 s.) BIBSYS (ib. | hf.)
  • 2006 – Olve Utne: סִידּוּר לִימּוּד ־ סֵֽדֶר תְּפִלּוֹת כְּמִנְהַג ק”ק סְפָרַדִּים עִם תּֽוֹסָפוֹת מִמִּנְהָגֵי אִיטַלְיָינִים וְאַשְׁכְּנַזִּים עִם תַּרְגּוּם לָדִינוֹ וְאַנְגְּלִית וְעִם הֲלָכוֹת וּמִנְהָגִים מֵאֶת אֵֽלִיָּה אֽוּתְנֶה. א’ עֶֽרֶב שַׁבָּת. = Siddúr Limmúd : a traditional-egalitarian learning siddur based on Sefaradí, Italiani & Ashkenazi sources, and with full transliteration, translations, instructions and explanations. I: Friday night. Hassafon Publishing, 2006. (hardcover | paperback | spiral | )
  • 2007 – Olve Utne: Jiddisch–norsk ordliste med kortfatta språklære. Askim (Schweitzerforlaget), 2007. (Schweitzerforlaget(utseld) | )
Artiklar
  • 2011 – Olve Utne: «Om pitesamisk språk», i Lokalhistorisk magasin 22 (2011), nr. 2, s. 22–23.
  • 2011 – Olve Utne: «Stadnamnet Nautan : samisk sleggeskaft eller gammal ferase?», i Lokalhistorisk magasin 22 (2011), nr. 2, s. 24–25.
  • 2018 – Olve Utne: «Hermann Fischer kven var han?» i Du mitt Nordmøre 2018. (under utgjeving)

Kontaktinformasjon

Epost

olve.utne(på)nb.no

Telefon

918 50 308

Sjå elles brukarsida på lokalhistoriewiki.no.